Sjå oversikt over kartløysingane til Kartverket.

Kart og kartdata for nedlasting

Skal du bruke kart meir avansert? Kartverket har gjort mange datasett tilgjengelege for gratis nedlasting via Geonorge.no. Vi tilrår at du les brukarrettleiinga vår for kartdata før du lastar ned datasetta via lenkene under, særleg om du er usikker på kva slags kunnskap som trengst for å få fullt utbytte av datasetta våre.

Datasetta kan nyttast i tråd med Kartverkets vilkår for bruk.

Mest for profesjonelle

Kartdatasetta blir frigitt i så lite bearbeidd form som mogleg. Dette gjer at profesjonelle utviklarar får størst mogleg spelerom til å utvikle eigne produkt og tenester basert på Kartverkets data. Tanken er at desse kan bruke kartdata til å utvikle nye løysingar som kan vere til nytte for mange.

Formata for grenser, vegdata og stadnamn er SOSI og PostGIS, og terrengmodellane er lagt ut som USGS og DEM. N50-N5000 Kartdata finst som ESRI filgeodatabase, GML, SOSI og PostGIS-database.

Les meir om korleis du kan laste ned noregskartet som database.

Tenester og API-ar for utviklarar

Kartverket tilbyr også gratis standardistere API-ar i form av wms-/ cache-tenester, søke-tenester og prosesserings-tenester - til systemutviklarar, programmerarar og andre som ønsker å legge det inn på eigne nettsider og kartløysingar. Desse hentar data mellom anna frå grunnkart og tematiske kart.

Les meir om Kartverkets API-ar og tenester.